Staten ber om tilbod på beredskaplagring av korn
Landbruksdirektoratet vil i dag legge ut invitasjon på Doffin til kornbransjen om å gje tilbod på lagring av dei første 30 000 tonna med matkveite for beredskapslagring.
Innan 2029 er planen at beredskapslageret skal vera tilsvarande tre månaders forbruk av matkveite. Lagra skal byggast opp med 15 000 tonn i året opp til 82 500 tonn. Ordninga er utforma slik at staten skal eige kornet, medan det er dei kommersielle aktørane i kornbransjen som skal lagre og ta vare på kornet. Kontraktane er på 25 år og vil med det vere føreseielege for både staten og aktørane som skal stå for lagringa.
– Utlysinga er eit viktig steg på vegen for å få på plass beredskapslager for korn. Å få på plass beredskapslager for matkorn har vore ei viktig sak for regjeringa. Det handlar om å styrke beredskapen og tryggleiken for folk. Dette er eit bidrag for å sikre norsk matforsyning i ei uroleg verd, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
– Vi legg opp til at staten skal eige kornet, men at aktørane i kornmarknaden skal lagre og ta vare på kornet. Eg meiner dette er ei god og fleksibel løysing som eg vonar mange av aktørane i kornbransjen ser seg tjent med å gje tilbod på, seier Pollestad.
Kontraktane som no er lyste ut gjeld for dei første 30 000 tonna med matkveite frå 2024-2025, og dette kornet skal vere på lager allereie i haust. Beredskapslagra vil vere integrert med dei kommersielle aktørane sine lagre, og lokalisert rundt om i landet.