Artikkelforfatter og baker Rune Valestrand.

Er det OK at dei lokaleigde bakeria forsvinn?

Den norske bakar- og konditorbransjen er i ferd med å bli kjøpt opp av daglegvaregigantar og råvareleverandørar. Saman med aukande import av bakarvarer, er dei frie bakeria no under press. Men det ser dessverre ut til at bakerieigarane gir blanke og berre let det skje.

Publisert

Denne utviklinga kan på sikt få fatale konsekvensar for norsk bakar- og konditorbransje.

Norsk bakeribransje har i lang tid vore inne ei krevjande omstilling. Importen av heil- og halvfabrikata som blir produsert utanfor landets grenser har auka kraftig og utgjer no 29 % av den totale omsetninga av bakerivarer i Norge. Det vil seie at ein stadig større del av dei omsette bakar- og konditorvarene her i landet er på stadig færre hender. Over 80 % av marknaden er i dag kontrollert av daglegvarebransjen. I tillegg driv no leverandørane våre med oppkjøp av frie og uavhengige bakerier. Samtidig går andelen norske fagfolk i dei større industribakeria kraftig ned. Bakeria som er eigde av daglegvarebransjen og råvareleverandørane tar meir og meir ut av bransjens fellesskap. Dette fører igjen til at talet på uavhengige bakeribedrifter er lågare enn nokon gong. Dei siste 20 åra har det skjedd store endringar i eigarskapsstrukturen i bransjen. Bør denne utviklinga få fortsette?

Urovekkjande

Det pågår for tida ein debatt om Stortingsmelding 27 «Dagligvare og konkurranse – kampen om kundane». Den beskriv på ein god måte korleis daglegvarebransjen har bygd seg opp i mat- og drikkkenæringa gjennom vertikal integrasjon. For bakerbransjen sin del er dei frie og uavhengige bakeria nesten heilt avskorne frå å levera til daglegvarebransjen fordi dei ulike grupperingane no eig sitt eige bakeri. Her må det leggjast til at det nok er store variasjoner rundt omkring i landet. Men det rokkar likevel ikkje ved det store bildet.

Det er urovekkjande å oppleve korleis nokre av råvareleverandørane overtek meir av eigarskapet til sin eigne kundar gjennom oppkjøp, for så å konkurrera mot resten av sine moglege kundar. Målet er sjølvsagt marknadsmakt og å sikre eigne leveransar.

Bør stille kritiske spørsmål

Fleire i bransjen bør stilla seg spørsmålet om dei trur at bransjen på sikt vil vere tent med å miste ein så stor andel av dei frie og uavhengige bakeria og om dei store råvreleverandørane i verdikjeda tek over makta i bakeria gjennom vertikal integrasjon. Når det kan oppstå mogleg kryssubsidiering innad i verdikjeda til dei store, kva skjer då med den sunne og frie konkurransen? Ein del av bakeria som er heilt eller delvis eigde av råvareleverandørane trekkjer seg no ut av Baker- og Konditorbransjens landsforening (BKLF) og dannar i staden eit nettverk som dei samhandlar i. Kva har dette å seie for maktbalansen og den usunne konkurransen i bakerbransjen?

Kven skal ta ansvar for rekruttering, profilering og fagutdanning dersom alle trekkjer seg frå bransjen si foreining og kun satsar på eiga vinning i eigen organisasjon?

Fatale konsekvenser

Denne utviklinga kan på sikt få fatale konsekvensar for norsk bakar- og konditorbransje. Vi vil stå att med ein meir ensidig og mindre variert bransje. Rekrutteringa til faget vil bli svekka, noko som i sin tur vil gjere det vanskelegare å skaffe fagfolk til bransjen. Vidare kan dette føre til at store delar av bransjen sitt volum vil bli kontroller av eit mindretall aktører som utdannar sine eigne arbeidarar.

Har likegyldigheita teke over?

Kva er det som gjer at bransjeaktørar er villige til å selje sine eigne bedrifter til råvareleverandørane i staden for å gå i allianse med og fusjonere med andre bakeri? Ei slik løysing ville medført at dei frie og uavhengige bakeria framleis kunne eiga og dermed ha makt og kontroll i bransjen. Det burde ha vore like naturleg at bakeria i bransjen fusjonerte og samarbeida, som å selja til andre ledd i verdikjeda. Bakarane og bakeria i Noreg har stått samla og kjempa for gode rammevilkår i over 120 år. Er ikkje denne kampviljen like framtredande lenger og har likegyldigheita teke over?

Powered by Labrador CMS