I 2022 starta Matias Askvik Borgund Vedovnsbakeri. No har han kjøpt Gamleskulen i Borgund i Lærdal for å etablere enda eit bakeri.

Her skal det bli bakeri

Gamleskulen har stått tom i 20 år. No skal det bli bakeri i bygget.

Matias Askvik, som driv handverksbakeriet i Borgund, har kjøpt den gamle skulen i Borgund i Lærdal. Han har store planar for det; til glede for mange skal det no bli til eit kulturminne i aktiv bruk.

Det 151 år gamle bygget ber preg av lite vedlikehald, og er nødt til å setjast i stand. Til dette får han 300 000 i tilskot frå Kulturminnefondet.

Eit sjarmerande kulturminne

Gamle Berge Skule, på folkemunne kalla Gamleskulen, er eit sjarmerande lite trehus, som med fyrste augekast minner om dei mange andre fine trehusa nedover dalen; med dekor i gavler, skifertak, og trepanel med perlestaff.

Huset er sentralt plassert; berre steinkast unna finns det daglegvarebutikk, pub, barnehage, skule, svømmehall, idrettsanlegg, hestebane, samfunnshus. I tillegg til det gamle posthuset som no vert kalla for bakarhuset, der Matias driv Borgund Vedomnsbakeri.

Heilårsopen kafé

I 2022 starta han Borgund Vedovnsbakeri, som er eit handverksbakeri som produserer brød og bakervarer på tradisjonelt vis. Deig eltast for hand i stort eltetrau, og formast møysommeleg før det langtidshevast og til slutt steikast i ein vedomn på 2 tonn.

– Heile idéen til bakeriet- ja faktisk idéen til å verte bakar- kom med at gamleskulen skulle leggast ut for sal, skriv Matias Askviki søknaden til Kulturminnefondet.

På gamleskulen er det planlagt ein heilårsope kafé, med mogelegheit for å produsere bakervarer også dér. Matias planlegg å byggje ein vedomn lik steinomnen i bakekjellaren, slik at ein som kunde vil tre inn i eit levande og varmt bakerilokale.

– Huset ligg også langs den vært populære Kongevegen, og både fot-, sykkel- og bilturistar vil stoppe for ein pause der- det gjer dei faktisk allereie, ved sittegrupper utanfor, skriv Matias i søknaden.

Huset vil på denne måten på ny verte ei viktig brikke for lokalsamfunnet, og også for gjennomreisande.

Slik skal det nye bakeriet bli. Prosjektet har fått 300 000 i tilskot frå Kulturminnefondet.

Lokalt engasjement gjev istandsettinga ein ekstra dimensjon

Prosjektet har fått god oppslutnad frå fagmiljøet i Sogn, og det er planlagt ein kursserie i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark og Fortidsminneforeininga Sogn i tilkntning til istandsettinga. Her får ein mogelegheit til å bidra i istandsettinga, samstundes som ein lærer frå dei beste. Vidare har lokale organisasjoner som Borgund Utvikling og Borgund Oppvekst meldt seg uoppfordra til å bidstå med dugnadshjelp og materiell bistand.

– Eg set særleg pris på rektor sitt forslag om å ta ut heile mellomtrinnet ved Borgund skule i to dagar, for å ta del i rydding av uteområde og maling, samt om dei kan få eit lite foredrag på staden om bygningsvern og kulturarv, med boller attåt. Slikt lokalt engasjement gjev denne istandsettinga ein ekstra dimensjon, skriv Matias i søknaden.

– Kulturminnefondet finn det positivt at Matias har eit ynskje om å bevare Gamleskulen og starte bakeri/kafe. Vi har gleda av å bidra med eit tilskot på kr 300 000 til prosjektet, skriv Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Dette skal tilskotet på 300 000 frå Kulturminnefondet gå til:

Tilskot gis til å renovere tak med ombruk av skifer, bygge opp skorstein på nytt, lage dryppkant i overgang kledning- grunmur, restaurere vindauge, montere vindsperre, lekte ut fem cm og ombruk av kledning.

Powered by Labrador CMS